– Fullstendig kaos

På Gamle Kongeveg i Drammen er det svært glatt og politiet er nøydd til å delegere trafikken.

– Det er fullstendig kaos og svært glatt, seier operasjonsleiar Marianne Mørk.

Tidlegare i dag var det ei ulukke med tre bilar som sklei i kvarandre, men det er ikkje denne ulukka som er årsaken til dei store køane.