Kø på E18 Drammen/Lier
Foto: Heidi Odde Karstensen / NRK

Trafikk i Buskerud

Oppsummert

NRK gir deg de siste meldingene om trafikksituasjonen i Buskerud. Tips oss med bilder og informasjon på 03030@nrk.no.

  • Køyrde på person i fotgjengarfeltet

    Personen som vart køyrd på av ein bil i Hønefoss var i fotgjengarfeltet då ulykka skjedde. Fotgjengaren er køyrd til legevakta for sjekk. Føraren av bilen fekk førarkortet beslaglagt.

  • Fotgjenger påkjørt

    Laster Twitter-innhold
  • Bil køyrde av vegen

    Naudetatane er på veg til fylkesveg 40 på Kongsberg etter ei melding om ein bil som har køyrd av vegen. Bilen har køyrd av vegen og ut på eit jorde. Dei to personane i bilen verkar uskadd melder politiet på Twitter.

  • Togtrafikken tilbake til normal

    Politiet melder at det ser ut til å vera eit passerande diesellokomotiv som skapa røyken på Nationaltheatret. Stasjonen opnar no opp att og togtrafikken skal gå som normalt.