Hopp til innhold

Millehaugen må vente på plass til etter ferien

Etter Stig Millehaugen rømte frå Trondheim i juni, er det klart at han ikkje skal tilbake. No er han på Ullersmo i Ullensaker, men han skal bli flytta til eit anna fengsel etter kvart.

– Eg håper det blir mogleg å få til ei overflytting av Millehaugen etter ferien, seier regiondirektør Stig Storvik i Kriminalomsorgen region øst.

Anna enn Trondheim fengsel er det berre Ila i Bærum som er tilrettelagt for forvaringsdømte. Der er det ikkje plass akkurat no.