Hopp til innhold

Ikkje varsla om sjølvskading

Statens helsetilsyn har ikkje fått varsel om eit einaste tilfelle av sjølvskading eller sjølvmordsforsøk ved Politiets utlendingsinternat på Trandum ved Gardermoen.

Det har vore 19 tilfelle av sjølvskading og 8 sjølvmordsforsøk på staden dei siste 4 åra, ifølgje tal frå politiet.

Politiet seier dei vil snakka med firmaet som leverer helsetenester til internatet, samt ta kontakt med helsetilsynet for å få klårheit i kva tilfelle som skal bli melde.