Private långivarar slettar gresk gjeld

85.8 prosent av den private gjelda på 107 milliardar euro blir sletta, og talet kan auke.

Den greske finansministeren Evangelos Venizelos på veg til møte

Den greske finansministeren Evangelos Venizelos på veg til møtet der over 80 prosent av långivarane sletta gjelda til Hellas.

Foto: JOHN KOLESIDIS / Reuters

Kilde: NRK NTB

Greske myndigheiter har sikra seg ein avtale om å få sletta ein enorm mengde gjeld, seier den greske finansministeren.

– Det blir godt nytt i natt, sa finansministeren til den britiske næringslivsavisa Financial Times i går.

Fleire kan bli tvinga

I dag blei det klart at 85 prosent av dei private långivarane har sagt ja til ein avtale om å slette statsgjelda til Hellas. Den totale gjelda er på 107 milliardar euro, som tilsvarar 793 milliardar kroner.

LES OGSÅ: Private avgjer ny gresk lånepakke

Talet kan auke til 95.7 prosent dersom ein bestemt klausul som tvingar fleire til å seie ja til avtalen, blir brukt. Den private gjelda utgjer ein tredjedel av den totale gjelda på om lag 350 milliardar euro.

EU er nøgde med avtalen

Finansminister i Frankrike, Francois Baroin

Finansminister i Frankrike, Francois Baroin, seier dette er gode nyhende.

Foto: TOMAS BRAVO / Reuters

Torsdag kveld var siste frist for private långivarar å seie ja eller nei til den avgjerande avtalen om sletting av gresk gjeld.

Gjeldsslettinga inneber at långivarane godtek eit samla tap på nesten 75 prosent når tapte renteinntekter er rekna med.

Både den greske regjeringa og det internasjonale finansinstituttet IIF såg torsdag ettermiddag lyst på moglegheita for ein avtale.

– Dette er gode nyhende, seier finansminister i Frankrike, François Baroin.

Han seier at han har tillit til at regjeringa også i Spania vil klare å handtere gjeldskrisa si, for å unngå at dei hamnar i same djupe krisa som Hellas.

Også EU er nøgde med at Hellas har blitt einige med private kreditorar om sletting av om lag ein tredjedel av gjelda.

– Eg er svært nøgd med det positive resultatet av forhandlingane om frivillig sletting av gjeld i Hellas, seier EUs økonomikommissær Olli Rehn.

Over åtti prosent slettar gjelda

EUs økonomikommisær Olli Rehn

EUs økonomikommisær Olli Rehn er godt nøgd med at Hellas har fått på plass denne avtalen.

Foto: STRINGER/MEXICO / Reuters

Helst vil greske myndigheiter at 90 prosent av dei private investorane blir med, medan avtalen krev at minst 75 prosent sluttar seg til.

Då kan den greske regjeringa tvinge gjennom en nedskriving av størsteparten av landets gjeld. No har heile 83.5 prosent gått med på å slette gjelda.

Regjeringa håpar nedskrivinga vil bidra til å bringe vekst tilbake i økonomien igjen, men mange peikar på at ei gjeld på dryge 120 prosent av bruttonasjonalprodukt framleis er altfor høg.

LES: - Mot enighet i Hellas

Gjeldsavtalen med dei private långivarane er mellom bærebjelkane i den nye redningspakka til eurosona på 130 milliardar euro, omkring 990 milliardar kroner.

Krisepakka stod på spel

Hadde avtalen med investorane gått i vasken, kunne krisepakka stått på spel.

– Skulle dei ikkje ha komt i mål, ville det ikkje utløyse noko krise på linje med då Lehman Brothers kollapsa, seier analysesjef i First Securities, Pål Ringholm, til NTB.

LES: – Semje om ny krisepakke


– Hovudbildet er at dette vil vere håndterbart for den europeiske økonomien. Renta vil stige for dei mest utsette landa, men ein har mykje meir å gå på enn i november i fjor fordi ECB har pøst ut to oljefond i likviditet i bankmarknaden.

Aksjemarknadene både i Asia og Europa steig torsdag på grunn av forventningar om at en avtale ville komme i hamn.

Ikkje betre tilbod


Enkelte långivarar har motsett seg avtalen og håpar at ein tvungen nedskriving vil bli rekna som ein konkurs og utløyse forsikringar dei har på gjelda.

EUs økonomikommissær Olli Rehn varslar derimot at dei ikkje vil få noko betre tilbod, og understrekar at avtalen er livsviktig for finansiell stabilitet i eurosona.

– Det er viktig at alle investorar innser at Europa har lagt maksimalt med kapital på bordet til denne frivillige gjeldssaneringa, og at full deltaking er nødvendig for at programmet for Hellas skal vidareførast, seier Rehn.

Han seier vidare at avtalen vil vere eit avgjerande bidrag til å få økonomisk stabilitet i eurosona som heilheit.

Hellas har store lån som forfell 20. mars og trengde sårt sletting av gjelda. Dei treng også nye lån.