Gekko var han som hadde mottoet "grådighet er bra". Han som kjøpte, raida og selde selskap før børsdagen var omme, den glattslikka typen som var meint å vekke avsky, men i staden blei ein helt for svært mange i finansbransjen og som lokka enda fleire til det magiske børsmiljøet der formuer kunne byggast på andres pengar med leik og moro på vegen.
Forbigått av kvardagen
Risikotakarane blei ikkje borte, tvert om. Mange av dei har overlevd også det siste året. Feilen med den første filmen, sier ein av manusforfattarane i dag, var at vi aldri fekk sjå Gordon Gekko bak fengselsmurane.
Den forrige filmen blei innhenta og forbigått av kvardagen. Utfordringa for filmskaparane er naturlegvis at dei igjen skal prøve å overgå virkeligheita.
Det er eitt år sidan marerittveka på Nedre Manhattan, der Lehman Brothers gjekk konkurs, verdas største forsikringsselskap AIG blei overtatt av den amerikanske staten og nasjonalisering plutseleg var redninga for kapitalismens øvsteprestar.
Eitt år etter tyder ting på at dei store sentralbankane har slått krisa tilbake i tidenes redningsaksjon. I alle fall i dei rike landa.
Nå slit vi med etterverknadene: Ei arbeidsløyse som i Europa og USA venteleg vil stige også utover neste år, og enda meir langvarige sår i den fattige delen av verda. Framfor G-20-møtet i Pittsburg i neste veke minner Pengefondet oss om at det er dei fattige landa som meir enn noen gong treng hjelp nå.
Fryktar ny krise
Å få bankstellet på beina igjen, er berre den første og enklaste delen av jobben. Nå ventar vi på det neste, at bank- og finansnæringa blir styrt og regulert for å hindre ein repetisjon.
Og då er det ikkje nok å begrense bonusane til fyrstane, som EU-formann Fredrik Reinfelt så stolt melder at EU-toppmøtet er samla om.
- Les:
- Les:
- Les:
Det er ei flott og forståeleg symbolsak, men også det einaste EU-toppane greidde å samlast om da dei diskuterte finansstoda denne veka. Ingenting om kva veg EU ønskjer å gå for å hindre nye kriser i framtida.
Dei amerikanske nobelprisvinnaren i økonomi, Paul Krugman og Joseph Stiglitz, seier begge at Washington eitt år etter ikkje har gjort noko for å beskytte USA frå ei ny krise, og at ei ny krise er svært sannsynleg. Ja, det kan til og med bli verre neste gong, seier dei, fordi finansfyrstane nå har sett at styremaktene er villige til å gripe inn.
- Les:
- Les:
Er finanshusa store nok, vil dei ikkje få lov til å bryte saman. Ein invitasjon til å ta enda større risikoar.
Grådigheita breier seg igjen
For oss folk flest har det vore eit lærerikt år om kor globale vi er. Kor dei nærast kreperer i norske utkantkommunar når dei hostar på Wall Street. Kor fort og gale det kan gå når det går gale, og kor relative formuar og børsverdiar er - der milliardar blir til luft over natta.
Vi har måpande sett finanshus styrte overende og bli feia vekk som om dei stod på leirgrunn da kjempebølga kom. Og vi har lært kor bittert uskuldige må lide ved å bli kasta ut i arbeidsløyse på grunn av skurkestrekar på Wall Street.
Investeringsbankane der er i full gang igjen med å leite etter nye måtar å tene pengar på. Ein av ideane skal vere å kjøpe opp livsforsikringar og sette hundretusener av dei saman i obligasjonar som igjen blir selde til investorar.
Og enkelt sagt, jo tidlegare folk dør, jo betre avkasting. Grådigheita breier seg igjen. Men ideen er ikkje ny.
Den same kynismen låg til grunn blant dei som spekulerte i å kjøpe opp poliser til HIV-smitta tidleg på 80-talet. Forventinga var at det ikkje var medisinsk hjelp å få, og at AIDS-pasientane ville dø i løpet av kort tid.
Der tapte investorane.