Hopp til innhold

Finansministeren på Kypros går av

Michalis Sarris går av som finansminister på Kypros, melder nyheitsbyrået AP.

Finansministeren på Kypros Michalis Sarris
Foto: GEORGES GOBET / Afp

Samtidig annonserer den kypriotiske presidenten at han vil setje ned ein komité av tre dommarar for å undersøkje korleis landet hamna på randa av konkurs.

Sarris er sjølv styreleiar i den kypriotiske storbanken Laiki, som vert lagt ned som følgje av krisa, og seier at han går av for å gjere undersøkinga lettare. Han seier at president Nikos Anastasiades har godkjent avskjedssøknaden hans.

Sarris har berre vore finansminister i ein dryg månad, etter regjeringsskiftet i februar. Han var styreleiar i storbanken i eit halvt års tid i 2012.

Tidlegare i dag vart det kjent at styresmaktene på Kypros prøvar å forhandle seg til å forlengje fristen for å få orden på økonomien i landet. I avtala står det at landet må klare å få statsbudsjettet til å gå i null i 2017. Kypros vil forlengje denne fristen til 2018.

Det har vore svært mykje fokus på den økonomiske situasjonen på Kypros dei siste vekene, etter at landet inngjekk ei avtale med EU og IMF om krisepakke.

Krisepakken vil gi øylandet i Middelhavet 10 milliardar euro av EU-landa og IMF, etter at banksektoren var i ferd med å kvele økonomien i landet. Som resultat av dette har Kypros skapt frykt for bankkundane ved å diskutere om dei må betale skatt av innskotet dei har i bankane.

Den same avtala vil føre til at dei to største bankane i landet vil gå konkurs. Det vil medføre store tap for kundar over 100.000 i bankinnskot.