NRK Meny
Normal

Større tap enn venta for Kypros-kundar

Store bankkundar på Kypros risikerer større tap en det som tidlegare var venta som følgje av redningspakke-avtalen med EU og IMF.

EUROZONE-CYPRUS/ Women withdraw money from ATMs at branch of Bank of Cyprus at Eleftheria square in Nicosia

Det er innført restriksjonar på uttak etter at bankane på Kypros opna igjen torsdag denne veka. Laurdag opplyser styresmaktene at storspararane må belaga seg på enda større tap enn tidlegare venta, som følgje av bankkrisa i landet.

Foto: BOGDAN CRISTEL / Reuters

Bankkundar med innskot på over 100.000 euro i Bank of Cyprus risikerer å tapa rundt 60 prosent av sparepengane sine, opplyser sentralbanken og finansdepartementet på Kypros laurdag.

Dei med innskot på over 100 000 euro, vil i første omgang få 40 prosent av dette konvertert til bankaksjar, slik styresmaktene varsla tidlegare denne veka.

Men dersom banken har behov for enda meir kapital, må storspararane finna seg i å tapa ytterlegare 22,5 prosent.

Ny avgift for å blidgjera EU

Nøyaktig kor mykje det endelege tapet blir på, blir først klart etter at styresmaktene har vurdert kor mykje som må til for å stabla dei kriseråka bankane på beina igjen.

Årsaka til tapet er den nye avgifta som styresmaktene nyleg vedtok å innføra.

Avgifta er ein føresetnad for å få ein redningspakke på ti milliardar euro frå EU og Det internasjonale pengefondet (IMF), eit lån Kypros treng for å redda seg sjølv ut av ei djup bankkrise.

Øystaten blei sterkt råka av den økonomiske krisa i Hellas. Kypriotiske bankar tapa rundt 4,5 milliardar euro på nedskriving av gresk gjeld.

Kypros søkte i utgangspunktet om eit kriselån på 17,2 milliardar euro i juni 2012.

Først for ei veke sidan gav EU og IMF sitt ja - men berre til 10 milliardar euro, og med krav om at kypriotane sjølv skaffa resten av summen som må til for å berga det skakkjørte bankvesenet.

Restriksjonar mot «bank run»

Kypros har i mange år hatt profitt på å trekkja til seg utanlandsk kapital i byte mot låge skattar og hemmeleghald rundt finanstenester.

Dei nye innstrammingane vil truleg bety slutten for Kypros som skatteparadis, ifølgje mange økonomar.

Bankane opna igjen torsdag, etter å ha halde stengt i to veker. Det er no innført grenser for kor mykje pengar folk kan ta ut, for å forhindra det økonomane kallar «bank run» at folk spring til bankane sine og tek ut alt dei har av sparepengar.

Det er dermed maksimalt lov å ta ut 300 euro om dagen. Det er heller ikkje lov å ta med seg meir enn 1000 euro ut av landet og det er innført restriksjonar på bruken av kredittkort i utlandet.