Hopp til innhold

Kriminelle kjøper seg fritt leide til Europa

Kriminelle, politikarar og oligarkar frå blant anna Russland og Kina har kjøpt pass av Kypros. Det viser lekte dokument tv-kanalen Al Jazeera har fått tilgang på.

En mann og et barn går bortover en badestrand på Kypros

Sol og sandstrender lokkar over 2 millionar turistar til Kypros kvart år. Men dei som bruker millionsummar for å få eit kypriotisk pass, treng ikkje sette foten sin på øya.

Foto: Petros Karadjias / AP

Sidan 2007 har utanlandske statsborgarar kunne fått kypriotisk pass ved å gjere investeringar i landet, også kalla «gullpass». Det er ingen krav om å bu i landet.

I 2013 blei ordninga utvida og prisen senka etter at Kypros kom i økonomiske vanskar. Det gjorde ordninga meir populær.

Ifølge AP drog ordninga inn over 70 milliardar kroner til Kypros i perioden 2013–2018.

Over 1500 lekte dokument som tv-kanalen Al Jazeera har fått tilgang på, viser at rike politikarar, næringslivsfolk og kriminelle er blant dei som har kjøpt seg slike pass.

Det er Al Jazeera som har fått lekkasjen. Dei samarbeider med mediehus i ei rekke land. I Noreg er det Aftenposten som er samarbeidspartnaren.

Tryggingsrisiko

Kypros har ved fleire tilfelle fått kritikk for salet av «gullpass». Ordninga gjer det mogleg å skaffe seg EU-pass ved å betale rundt 20 millionar kroner. Dei får då rett til å leve og reise fritt i heile EU.

Dette kan utgjere ein tryggingsrisiko, meiner Björn Fägersten, som leiar Europaprogrammet i svenske Utrikespolitiska institutet (UI).

– Det blir vanskelegare å kontrollere kven som kjem inn i Sverige eller ikkje. Det blir også vanskelegare å kontrollere kvar pengane kjem frå, seier han til Ekot i Sveriges Radio.

EU-passet gir også visumfridom eller automatisk visum i rundt 170 av verdas land, skriv Utrikesmagasinet.

Pass frå Kypros

Ifølge avsløringane til Al Jazeera, Sveriges Radio og Utrikesmagasinet er det mange kriminelle og næringslivsfolk med tette band til maktpersonar som har kjøpt seg pass frå Kypros dei siste åra.

Foto: Illustrasjonsfoto / Reuters

Kriminelle kan sleppe unna

Dokumenta viser at mellom 2017 og 2019 var det 2500 som fekk innvilga søknaden om EU-pass frå Kypros. Om lag 1000 av desse var russiske, 500 frå Kina og drygt 100 frå Ukraina, skriv Utrikesmagasinet.

Minst 35 av dei som har fått «gullpass» frå Kypros dei siste åra er personar som er mistenkte eller dømde for brotsverk, viser undersøkinga.

Guro Slettemark

Generalsekretær Guro Slettemark i Transparency International Norge meiner ordninga med «gullpass» kan gjere kvitvasking av pengar lettare.

Foto: Transparency International

I tillegg er minst 40 av namna på lista personar som har maktposisjonar som gjer dei sårbare for korrupsjon og kvitvasking.

Å kjøpe seg EU-pass på denne måten kan gjere det lettare for kriminelle å sleppe unna straffeforfølging, seier generalsekretær Guro Slettemark i Transparency International Norge til Aftenposten.

– Det er liten kontroll med kvar pengane kjem frå, eller bakgrunnen til dei som søker. Det vil seie at ein risikerer at ein har statar innanfor EU der kriminelle nærast får eit slags amnesti, seier ho.

Avviser kritikken

Både Europaparlamentet, EU-kommisjonen og andre medlemsland har tidlegare kritisert Kypros for passordninga.

Men Kypros seier dei har stramma inn på regelverket for gylne pass for å hindre at uønskte personar skal få statsborgarskap. Dei viser også til at 26 pass blei inndregne i fjor.

I ein kommentar til Al Jazeera og Sveriges Radio skriv den kypriotiske innanriksministeren Nicos Nouris at dei følger reglane.

– Alle pass er ferda ut etter dei reglane som gjeld på det tidspunktet. Så seint som i juli stramma vi inn på reglane rundt sal av pass. Prosedyren strir ikkje mot verken kypriotiske eller europeiske reglar, skriv han.

SISTE NYTT

Siste nytt