NRK Meny
Normal

Ber oss bruke mindre pengar

Finansminister Sigbjørn Johnsen (Ap) ber oss bruke mindre pengar. Kjøpefesten kan ikkje halde fram, seier han.

Video nsps_upload_2009_12_25_19_13_24_2342.jpg

VIDEO: Sjå intervjuet med Sigbjørn Johnsen.

- Dette gjeld i alle fall dei som har mest, legg han til.

Sigbjørn Johnsen var også finansminister då Oljefondet vart etablert for 13 år sidan. Då vart det sett inn i underkant av to milliardar kroner i fondet.

I dag er det 2600 milliardar på pensjonsfondet, og det har såleis vore ei eventyrleg utvikling.

- Det er ingen motstrid mellom det å ha det materielt og det å tenkje seg om. Vi ser at forbruket har konsekvensar reint miljømessig. Og eg trur at når folk tenkjer seg om, så kan ein kanskje vente med å kjøpe nytt, og bruke det gamle litt til.

Men det er ikkje aktuelt å tvinge folk til å bruke mindre pengar.

Finansministeren lovar at det totale skattenivået ikkje skal auke, men det kan likevel hende at det blir ei omlegging av skattesystemet, seier han.

LES OGSÅ: Nordmenns formue øker med 1000 milliarder

LES OGSÅ: Rekordoppgang i Oljefondet

LES OGSÅ: IMF ber Sigbjørn stramme inn

LES OGSÅ: - Må bli mer moro å jobbe