Hopp til innhold

Ny senator vil straffe Noreg for Caterpillar-salet

Nok ein amerikansk senator vil gi visumnekt og høgare toll for Noreg etter at oljefondet selde seg ut av Caterpillar.

David H. McCormick, Donald Trump sitter ved et bord med mikrofoner og flagg bak seg

BER OM SANKSJONAR: Senatoren Dave McCormick ber om at handelsministeren gir Noreg høgare toll etter salet av Caterpillar. Her avbilda med USAs president Donald Trump.

Foto: JEFF SWENSEN / AFP / NTB

Den republikanske senatoren Dave McCormick frå Pennsylvania reagerer kraftig på at oljefondet har selt seg ut av det amerikanske selskapet Caterpillar og fem israelske selskap.

I eit brev datert 4. september skriv McCormick til USAs handelsminister Howard Lutnick og handelsrepresentant Jamieson Greer.

Der meiner han at USA må «revurdere alt samarbeid med Noreg».

Han føreslår også konkrete mottiltak, som høgare tollsatsar, visumnekt for nordmenn og å avgrense Noregs tilgang til amerikanske finansmarknader.

Viss Noreg kan ekskludere amerikanske selskap på dette grunnlaget, bør det få konsekvensar, skriv han.

Les også Amerikansk UD til NRK: – Svært bekymret over oljefondet

En Caterpillar D9-bulldozer som benyttes av det israelske forsvaret fotografert på grensen mellom Gaza og Israel i august i år.

Skreiv også brev til Noregs ambassadør til USA

McComick åtvarar om at dette kan få alvorlege følgjer for forholdet mellom Noreg og USA.

Samstundes kallar McCormick seg ein «ven av Noreg»

I eit brev publisert av Jewish Insider til Anniken Huitfeldt, Noregs ambassadør til USA, startar han med å takke ho for gjestfridomen under eit besøk i sommar og for at USA får bruke norske militærbasar.

Vidare skriv han at han er «djupt uroa» over avgjerda om å selje seg ut av Caterpillar.

Han meiner det er politisk motivert, og argumenterer for at utelukkinga av selskapet i praksis er ein indirekte boikott av Israel, noko han meiner USA ikkje kan akseptere.

– Denne avgjerda set vårt venskap på prøve, skriv han til Huitfeldt.

Anniken Huitfeldt under Kirkeneskonferansen 2022

Den norske ambassadøren til USA, Anniken Huitfeldt.

Foto: Karen Gjetrang / Karen Gjetrang

McComick seier også at han tok saka opp direkte med statsminister Jonas Gahr Støre (Ap), men at han var «utilfreds» med svaret.

NRK har bedt Statsministerens kontor (SMK) om ein kommentar, men har førebels ikkje fått svar.

Les også Oljefondet i hardt vær: Derfor ble det bråk

Oljefondsjef Nicolai Tangen

Meiner at oljefondet svekkjer amerikanske interesser

Oljefondet selde Caterpillar-aksjane etter råd frå etikkrådet.

Dei peikte på at selskapet produserer mellom anna bulldosarar som har blitt knytt til riving av palestinske bustader i Gaza og på den okkuperte Vestbreidda, utført av Israel.

McCormick meiner avgjerda «undergrev amerikanske selskap og svekkjer våre nasjonale interesser».

Han ber om at salet blir omgjort, og varslar politiske og økonomiske tiltak dersom det ikkje skjer.

Hvit middelaldrende mann med grått hår i dress foran amerikansk flagg.

Dave McCormick.

Foto: John Shinkle

Ifølgje Jewish Insider peikar McCormick på at Caterpillar lenge har vore eit hovudmål for BDS-rørsla.

Rørsla som er kort for Boycott, Divestment and Sanctions er ein global kampanje som oppmodar til boikott, investeringstrekking og sanksjonar mot Israel, for å påverke landet til å endre politikken sin overfor palestinarar.

Han meiner oljefondet har latt seg påverke av den same logikken.

Nettavisa skriv også at fondets investeringar i Israel har blitt eit stridstema i den norske valkampen, der venstresida pressar på for å trekkje seg frå fleire amerikanske selskap.

Les også USA-senator truar oljefondet: – Det vil få konsekvensar

Lindsey Graham i dress og slips

Fleire protestar frå USA

McCormick er ikkje den einaste som har reagert.

Det amerikanske utanriksdepartementet har uttrykt sterk uro over avgjerda.

Departementet har tidlegare skrive til NRK at saka er tatt opp med norske styresmakter.

Senatoren Lindsey Graham frå South Carolina har tidlegare trua med liknande tiltak.

Etter Grahams utspel sendt Støre eit tekstmelding til han og forklarte at oljefondet er uavhengig av regjeringa.

– Kanskje det er på tide å innføre toll på land som nektar å gjere forretningar med store amerikanske selskap, skreiv Graham på X, etter at oljefondet trekte seg ut av Caterpillar.

I sommar selde oljefondet seg ut av nesten halvparten av dei israelske selskapa, blant anna Bet Shemesh, som held ved like fly brukt til bombing av Gaza.

Årsaka er at fleire israelske selskap medverkar til alvorlege brot på folkeretten i dei palestinske områda.

Skjermdump fra Twitter/X, hvit tekst på svart bakgrunn

Skjermbilete av X-meldinga til Lindsay graham.

Foto: Lindsey Graham/Twitter/X

I fjor trekte Noregs største private pensjonsfond (KLP) seg ut av Caterpillar.

Då skreiv KLP i ein rapport at selskapet utgjer ein «uakseptabel risiko for medverknad til brot på menneskerettar i krig- og konfliktsituasjonar».

AKTUELT NÅ