Hopp til innhold

Vy og Bane Nor: Full stans på grunn av signalfeil

Tog over store delar av landet står. Det er på grunn av ein signalfeil, stadfestar Bane Nor.

«Det er full stans i trafikken i store delar av landet pga. signalfeil. Vi leiter etter feilen. Foreløpig veit vi ikkje kor lang tid det vil ta», skriv Bane Nor på nettsidene sine.

Vy opplyser at årsaka er ein feil i kommunikasjonssystemet.

Heile landet er stengt for togtrafikk, skriv Vy på sine nettsider. Dei skriv vidare at alle reisande må rekna med forseinkingar og innstillingar.

Toga køyrer til næraste stasjon og stansar toga der og ventar, opplyser Vy.

«Det er feil på fjernstyringnettverket hos oss, som oppstod rundt klokka 13.40», seier pressevakt hos Bane Nor Mari Rjaanes.

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no