Vil tilby vaksine til vaksne i juni

Frå og med 7. juni vil alle vaksne tyskarar som har lyst på koronavaksine, få tilbod om det, varslar helseministeren i Tyskland, Jens Spahn.

Han fekk kraftig kritikk i starten av 2021 fordi den tyske vaksineringa kom treigt i gang. Måndag kom han med ei gladmelding til tyskarar som drøymer om eit friare liv.

– Me har blitt samde om å gå vekk frå prioriteringssystemet 7. juni, seier Spahn etter eit møte med Tyskland sine 16 regionale helseministrar.

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no