Vil at selskap tilset transpersonar

Selskap i Bangladesh som tilset transpersonar, skal få skatterabatt. Hensikta er å bidra til inkludering.

– Eg føreslår å innføra skatteinsentiva for å tilby tilsetting og sikra auke i levestandard og sosial og økonomisk inkludering av medlem av det tredje kjønn, seier finansminister Mustafa Kamal i samband med framlegginga av statsbudsjettet.

Det er over 200.000 transpersonar i Bangladesh. Dei er utsette for diskriminering, ifølgje uavhengige ekspertar.

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no