Hopp til innhold

Vestre om semja i SAS: Ventar at leiinga viser moderasjon

Næringsminister Jan Christian Vestre seier at dei er glade for semja i SAS og at han registrerer at begge partar har trekt seg langt for å finne ei løysing.

Vestre seier samstundes at dei ventar at leiinga i SAS også tar del i dugnaden og viser moderasjon når det gjeld lønn og bonusar framover.

– Det er berre rett og rimeleg at leiinga i selskapet også tar sin del av den dugnaden då dei tilsette har gått med på lønnskutt, seier Vestre til NRK.

Næringsministeren sa før sommarferien at regjeringa var villige til å diskutere moglegheita for å konvertere gjelda om til aksjar. Den norske staten vil likevel ikkje vere ein langsiktig eigar av SAS, fortel han.

– Den norske staten er ein av dei største kreditorane i selskapet. Vi gjorde greie for vårt standpunkt før sommarferien og det gjeld framleis, seier han.

Statens posisjon til SAS
Foto: Beate Oma Dahle / NTB

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no