Ventar på dykkarar

Redningshundar har markert ved vatnet i elva, og no ventar politiet på dykkarar for å undersøke dette nærmare.

Det opplyser politiets innsatsleiar Svein Valland Laupsa på ein pressekonferanse.

Det er i løpet av dagen gjort funn av ein båt, to årer og klesplagg i elva. Tre personar er framleis sakna.

Laupsa seier dei vil skalere ned leiteressursane når det etter kvart blir mørkt.

17 redningshundar bistår i søket, opplyser Norske Redningshunder på Twitter.

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no