Vaksinekombinasjon gir betre vern

Kombinasjonen av ein vektorbasert og ein mRNA-basert vaksine gir sterkare vern mot korona enn om den same blir brukt begge gonger, ifølgje ny studie. Risikoen for å få korona er 67 prosent lågare etter i gjennomsnitt 2,5 månader frå vaksinasjonstidspunktet ved kombinasjon av vaksinar frå AstraZeneca og Pfizer, ifølgje studien. Risikoen er 79 prosent lågare med kombinasjonen av AstraZeneca og Moderna. For to dosar AstraZeneca er risikoen 50 prosent. Studien frå Umeå universitet er publisert i det vitskaplege tidsskriftet The Lancet.

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no