Vaksinar til fattige land forseinka

Novavax har produksjonsproblem, og det gjer at 1 milliard dosar med koronavaksine til fattige land er forseinka, melder Politico.

Dette er halvparten av dei Novavax-dosane som etter planen skulle gå til fattige land gjennom vaksinesamarbeidet Covax innan 2022.

Covax har tidlegare meldt at dei manglar 1 milliard dosar. Dette talet ser no ut til å doble seg.

Det betyr at mange må vente lenger på å få vaksine, og at det kan bidra til å forlenge pandemien.

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no