Hopp til innhold

USA kritiserte vener av Nord-Korea i FN

USA sin FN-ambassadør Linda Thomas-Greenfield gjekk hardt ut mot Nord-Korea og deira allierte under eit møte i Tryggingsrådet i dag.

Bodskapen blir oppfatta som lite fordekt kritikk av Russland og Kina, som har støtta Nord-Korea.

– Dei har gjort alt i si makt for å rettferdiggjere Nord-Korea sine stadige regelbrot. Ved å gjere det har dei bana veg for rakettoppskytingane, og gjort Tryggingsrådet til ein vits, sa Thomas-Greenfield.

Det autoritære regimet i Nord-Korea har denne veka skote opp fleire rakettar. Ein av dei landa 60 kilometer frå det sørkoreanske fastlandet, noko Sør-Korea kalla krenking av deira territorium.

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no