Hopp til innhold

Ungarn: – Problematiske sider ved Sverige sin søknad

Det er framleis uløyste sider ved Sverige sin Nato-søknad, seier ein representant for den ungarske regjeringa i dag.

Det skal vere tidlegare uttalt kritikk mot Ungarn som ligg til grunn for forseinkinga. Sverige har mellom anna kritisert landet for å ikkje sikre uavhengige domstolar, og ei demokratiutvikling Sverige meiner går feil veg.

– Å løyse utfordringane vil kreve omfattande innsats frå begge sider, seier talspersonen for regjeringa.

Parlamentet i Ungarn godtok Finland sin Nato-søknad på mandag.

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no