Hopp til innhold

Ungarn avviser at dei vil gripe Putin

Ungarn kjem ikkje til å gripe Russlands president Vladimir Putin dersom han skulle reise til landet. Det seier Gergely Gulyas, som er stabssjef for den ungarske statsministeren Viktor Orban, ifølge Reuters.

Ungarn har underskrive og ratifisert Roma-vedtektene som Den internasjonale straffedomstolen, ICC, bygger på. ICC har sendt ut ein arrestordre på Putin fordi dei meiner han er ansvarleg for krigsbrotsverk i krigen i Ukraina.

Men Gulyas meiner det ikkje er grunnlag for å gripe Putin om han skulle kome til Ungarn fordi Roma-vedtektene ikkje er tekne inn som ein del av ungarsk lov.

– Vi kan vise til ungarsk lov, og basert på den kan vi ikkje arrestere den russiske presidenten.

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no