Underernæring blant barn

Tal på alvorleg underernærte barn som blir lagt inn på sjukehus i Tigray i Etiopia, har dobla seg sidan 2020, melder FN.

Ifølgje Unicef er rundt 18.600 barn under fem år lagt inn for alvorleg underernæring frå februar til august i år, samanlikna med 8.900 i 2020. Underernæring blant gravide og ammande kvinner er også høg, rundt 63 prosent.

Dette kjem fram i Unicef si summering av situasjonen rundt den snart eitt år lange konflikten i Etiopia. Organisasjonen skriv vidare at 897 lastebilar med humanitærhjelp var kome fram til Tigray sidan midten av juli, men at det berre dekkjer 14 prosent av behovet.

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no