Ukjent Lennon-opptak på auksjon

Eit lydopptak av John Lennon frå 1970 skal auksjonerast bort i København 28. september.

Opptaket blei gjort då Lennon var i Danmark, og han syng ein song som til no ikkje er publisert.

Verdivurderinga ligg på mellom 200.000 og 300.000 danske kroner.

– Kassetten er unik fordi det er ein samtale. Opptaket er gjort etter ein pressekonferanse med fire skuleelevar og nokre journalistar. John Lennon spelar også nokre songar for dei, seier Alexa Bruun Rasmussen i auksjonshuset Bruun Rasmussen til AFP.

Ein av desse songane, «Radio Peace», har aldri vore publisert tidlegare, seier ho til nyheitsbyrået.

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no