Tusenvis i pride-parade i Ungarn

Tusenvis deltar i pride-paraden i Ungarns hovudstad Budapest laurdag, i protest mot landets nye anti-LGBT-lov.

Statsminister Viktor Orbans regjering vedtok i juni ei ny lov som inneber eit forbod mot all undervisning og offentleg publisitet om seksuelle minoritetar, som ifølge Orban har som formål å beskytte barna i landet.

Arrangørane av paraden har bedt folk møte opp for å stå opp mot hat, spesielt frå det dei kallar «makthungrige politikarar som prøver å skremme LGBT-folk».

Sjå pride-paraden her:

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no