Tredje russar sikta i nervegift-sak

Britisk politi stadfesta tysdag at ein tredje russar har blitt sikta for drapsforsøket på den tidlegare russiske dobbeltagenten Sergej Skripal og hans dotter Julia.

Dei blei funne bevisstlause på ein benk i mars 2018, begge eksponert for nervegifta Novitsjok. Dei overlevde, men ei britisk kvinne som kom borti gifta, døydde.

To av dei blei sikta for drapet i september 2018. Alle var medlemmer av Russlands militære etterretningsteneste GRU, hevda britisk politi.

Skripal blei i 2006 dømt til 13 års fengsel i Russland for å ha spionert på vegner av Storbritannia, men blei benåda i 2010 og flytta til Storbritannia.

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no