Hopp til innhold

Tre medlemm av ASMLA dømt i Danmark for spionasje

Tre iranarar i eksil er dømt til seks til åtte års genfel i Danmark for å ha spionert for Saudi-Arabia på dansk jord og for å ha støtta terrorverksemnd, melder NTB.

Alle tre er leiiande skikkelsar i ei arabisk-iransk separatistrørsle med forkortinga ASMLA.

To av dei blir utvist frå Danmark på permanent grunnlag, medan den tredje beheld sitt danske statsborgarskap.

Dei blei kjent skyldige 8. februar, og onsdag fall dommen.

Domstolen konkluderte i februar med at mennene har sett saudiarabisk etterettning i stand til å operera i Danmark, og at dei har motteke minst 15 millioner danske kroner for å finansiera ASMLA si verksemd i Iran.

Gruppa er terrorstempla i Iran og stod mellom anna bak eit stort åtak mot ein militærparade i 2018 der nær 30 menneske blei drepne.

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no