To sett i karantene i Kristiansund
To personar er sett i karantene i Kristiansund. Dette skjer etter at dei skal ha vore i nærkontakt med ein person som har fått påvist koronasmitte på Seadrill-riggen West Phoenix. Dei to som sitt i karantene har så langt ikkje symptom.