Hopp til innhold

Tente lys for ofra i Kongsberg

Søndag føremiddag var det sørgegudsteneste i Kongsberg kirke etter angrepet der fem personar blei drepne onsdag.

Representantar frå naudetatane i Kongsberg tente lys for kvar enkelt av dei fem drepne.

Biskop Jan Otto Myrseth la vekt på at innbyggarane i byen må stå saman og hjelpe kvarandre i den tunge tida.

– Den viktigaste tenesta vi kan gjere for kvarandre er å vere der. Vere til stades. Sitte ved bordet, kanskje taust, lyttande, ventande. Mens lyset er tent.

Kronprins Haakon, kronprinsesse Mette-Marit og justis- og beredskapsminister Emilie Enger Mehl (Sp) var blant dei som deltok på gudstenesta søndag.

Lystenning under sørgegudstjenesten i Kongsberg
Foto: Terje Pedersen / NTB

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no