Hopp til innhold

Stenger luftrommet for russiske fly

Fleire land stenger no luftrommet for russiske fly. Også nabolandet vårt Sverige, seier landets EU-minister Hans Dahlgren til Sveriges Radio.

– Det er nå heilt nødvendig å gå vidare med fleire skarpe tiltak for å isolere Russland. Eit slikt tiltak er å stenge Sverige og EU sitt luftrom for russiske fly, seier han.

Ei rekke europeiske land har eller kjem til å stenge luftrommet som ein sanksjon mot Russlands invasjon av Ukraina. Danmark, Finland, Island, Tyskland og Frankrike er blant desse.

Ein talsmann for EU seier det truleg vil koma ei avgjerd om å stenge heile EU sitt luftrom for russiske fly snart. Ifølge Reuters vil temaet bli diskutert i løpet av søndag.

Noreg har førebels ikkje stengt luftrommet for russiske fly. Utanriksminister Anniken Huitfeldt seier til NRK at dei vil ta ei avgjerd på dette seinare i dag.

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no