Hopp til innhold

Støre om fornybardirektivet: – Vil ta den tida vi treng

Stortingsrepresentant Sveinung Rotevatn (V) utfordra statsminister Jonas Gahr Støre (Ap) på om Noreg vil innfri fristen EU har sett for innføringa av fornybardirektivet, i spørjetimen onsdag.

– Ein kommissær i EU set ikkje ein frist for den norske regjeringa. Det avgjer vi. Vi vil ta den tida vi meiner vi treng, svarte Støre.

I mars sende EUs energikommissær Kadri Simson eit brev, kor ho la press på Noreg for å innføre fornybardirektivet frå 2018. Simson trua med straffetiltak dersom det ikkje skjer innan 13. august i år. Direktivet er ein del av EUs fjerde energipakke, Rien energi-pakken.

– EU kan setje deler av EØS-avtalen ut av spel. Uroar ikkje det statsministeren? spurte Rotevatn.

– Eg registrerer at representanten Rotevatn vart skremt av det brevet, svarte Støre.

Statsministeren understrekar at Noreg er tent med å ha brei regelsemje med EU. Men han er klar på at han ikkje trur EU vil kome med straffetiltak.

– Vi har ikkje kome dit gjennom 30 år med EØS, og eg trur ikkje vi kjem dit no heller, sa Støre.

NRK har spurt EU-kommisjonen om kva slags straffetiltak det kan vere snakk om.

– EØS-avtalen gir partane ei rekke verktøy som kan brukast, men vi spekulerer aldri i hypotetiske scenario, skriv ein talsperson i kommisjonen på e-post.

Statsminister Jonas Gahr Støre i spørretimen 17. april.
Foto: Javad Parsa / NTB

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no