Statsbudsjettet: 25 millionar til Troll i Antarktis
Regjeringa set av 25 millionar kroner i statsbudsjettet for neste år til oppstart av arbeidet med ny forskingsstasjon i Antarktis. Troll-stasjonen, som blei bygd i 1990, skal erstattast med ein heilt ny stasjon, som etter planen skal stå ferdig om sju til åtte år. Stasjonen vil koste rundt 2 milliardar kroner.
– Pengane på statsbudsjettet for neste år sikrar at arbeidet med konkret planlegging av prosjektet kan starte med ein gong, seier klima- og miljøminister Espen Barth Eide (Ap).
Arbeidet må gå over fleire år fordi det berre er mogeleg å byggje nokre få månader i året. Norsk Polarinstitutt driv stasjonen.
– Dersom vi ikkje gjer oppgraderingar, vil det om få år ikkje vere mogeleg å drive med det vi driv med på Troll i dag. Derfor er det nødvendig å komme i gang med forprosjektet, seier forskings- og høgare utdanningsminister Sandra Borch (Sp).
– Troll er ein viktig stasjon, og den har også ein viktig støttefunksjon for ei rekkje andre tenester, seier Eide.
Like ved Troll ligg satellittstasjonen TrollSat. Data som blir lasta ned her, blir blant anna brukt til forsking, vêrmelding, klima- og miljøovervaking og skipsovervaking. Kongsberg Satellite Services (KSAT) driv denne stasjonen.
I tillegg har Norsk institutt for luftforsking (NILU) ein avansert målestasjon for luft og atmosfære i området. Det er også ein meteorologisk stasjon på Troll.
– Det som skjer på Troll viser at vi har ei forskingsverksemd med svært høg kvalitet som også gjer Noreg til ein relevant samarbeidspartnar internasjonalt. Så det å gjere denne investeringa er heilt nødvendig viss vi skal ha forsking på Troll framover, og det meiner regjeringa at vi skal, seier Borch.