Smittetala i Russland dobla

For andre dag på rad melder Moskva om ny smitterekord. Pasientar som er smitta med deltavarianten, strøymer til sjukehusa i den russiske hovudstaden. På landsbasis rapporterte Russland laurdag om 17.906 nye smittetilfelle. Talet er dobbelt så høgt som døgntalet i starten av juni.

Over halvparten av dei nye smittetilfella er registrerte i Moskva. Deltavarianten utgjer 90 prosent av nye tilfelle, melder myndigheitene. Ifølgje helseminister Mikhail Murasjko har talet på sjukehusinleggingar auka med 30 prosent på berre ei veke.

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no