Hopp til innhold

Smitta passasjerar frå Sør-Afrika

Fredag morgon landa to fly frå Sør-Afrika på den internasjonale flyplassen Schipol i Nederland. På same tid innførte nederlandske myndigheiter flyforbod for alle flygingar frå det sørlege Afrika, grunna den nye varianten omikron som vart oppdaga i Sør-Afrika.

61 av desse 600 passasjerane er stadfesta smitta av koronaviruset, skriv den nederlandske avisa Algemeen Dagblad. Resten av passasjerane testa negativt. VG omtalte nyheita først.

Det er førebels ikkje kjent om passasjerane har den nye omikron-varianten, men nederlandske helsemyndigheiter analyserer prøvene for å finne ut av dette.

Som følgje av flyforbodet måtte passasjerane vente i rundt fire timar på å få gå av flyet. Dette var fordi helsemyndigheitene ville teste passasjerane. Dei som testa positivt er på karantenehotell i nærleiken av flyplassen, skriv den nederlandske avisa.

Bildet tatt inne i flyet som landa frå Sør-Afrika på den internasjonale flyplassen Schipol i Nederland.
Foto: AP

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no