Hopp til innhold

Skuffa over at Sverige ikkje er med

Nato-sjef Jens Stoltenberg hadde håpa at Tyrkia og Ungarn hadde godkjent Sveriges medlemssøknad før Natos utanriksministermøte.

Men framleis vaiar ikkje det svenske flagget blant dei andre framfor Nato-hovudkvarteret i Brussel.

– Eg hadde håpa at Sverige hadde vorte medlem før møtet. Men det har ikkje skjedd, konstaterte Stoltenberg på veg inn til første dag av Natos utanriksministermøte.

Han rettar ei klar oppmoding til Tyrkia.

– Tida har kome for at Tyrkia ratifiserer søknaden. Eg håpar det skjer så fort som mogleg, seier Stoltenberg.

Stoltenberg seier vidare at han er trygg på at USA vil halde fram med å levere våpen til Ukraina.

(NTB)

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no