Hopp til innhold

Skogbrann i Førde

Fredag kveld byrja det å brenne i eit skogsområde like ved Førde sentrum.

Klokka 19.25 melder politiet at brannen er sløkt.

– Circa 100 kvadratmeter er brent eller svidd, og det er førebels ikkje meldt inn noko som indikerer årsak, seier Bjarte Rebnord i politiet til NRK.

Det blei sendt inn brannmannskap i området som starta sløkking med piskar medan dei jobba fram vatn.

Skogsområdet ligg mellom to bustadområde.

– Brannvesenet vil vere der i forbindelse med ettersløkking, men har i utgangspunktet kontroll på at det ikkje spreier seg meir, seier Rebnord.

Skogbrann Førde
Foto: NRK

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no