Sikkerheit kan bli ei utfordring

Om få år kjem alle til å bruke 5G, eller den femte generasjons mobilnett.

– Det blir den mest kritiske infrastrukturen vi nokon gong har sett, og då blir vi meir sårbare, seier Olav Lysne, som er direktør ved forskingssenteret Simula Metropolitan og professor i informatikk ved OsloMet.

Den nye teknologien for mobiltelefonar og mobilt internett er så avansert at Lysne er redd for konsekvensen om noko går gale. Det er fordi han trur at nettet til mobiltelefonar, politiet, forsvaret, helse, også vidare, skal inn i same teknologi.

Likevel presiserer han at 5G-nettet er meir sikkert enn 4G-nettet.

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no