Hopp til innhold

SAS får ny bot på 100.000 kroner for seine refusjoner

Flyselskapet SAS får ei tvangsmulkt på 100.000 kroner frå Luftfartstilsynet for å vera for treige med å tilbakebetala kundane sine etter alle kanselleringane som følge av flystreiken tidlegare i år.

SAS skriv til Luftfartstilsynet at dei reknar med å ha behandla dei gjenståande refusjonskrava innan veke 44.

Luftfartstilsynet påla selskapet tidleg i september å betala tilbake pengane til alle kundane sine for kansellerte fly fra 15. september. Denne fristen klarte SAS ikkje, og fekk ei bot på 100.000 kroner og ti nye dagar til å refundera billetten. Dette klarte dei heller ikkje, og får nå ei ny bot.

Frå kvartalstala i august kom det fram at SAS skylde kundane 10 millionar kroner i kansellerte flygningar.

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no