Hopp til innhold

Sanna Marin hevdar Europa ikkje hadde klart seg utan USA

Finlands statsminister Sanna Marin meiner Europa ikkje er sterkt nok til å stå opp mot Russland utan hjelp frå USA.

– Eg seier det rett ut: Europa er ikkje sterkt nok til å stå imot Russland, sa Marin i ein tale under eit besøk til Australia og New Zealand denne veka.

Australia er den største bidragsytaren til Ukraina utanfor Nato.

President Vladimir Putin sin invasjon av Ukraina har blottstilt nokre av EUs svakheiter og strategiske feilvurderingar overfor Russland, konkluderer Marin.

– Vi ville vore i vanskar utan USA, sa ho i ein tale til tankesmia Lowy Institute i Sydney.

(NTB)

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no