Hopp til innhold

Russland åtvarar mot soldatar på den finske grensa

Russland åtvarar Finland mot ein plan om å stasjonere soldatar langs grensa, melder Reuters. Dei seier at ei slik handling vil kunne auke spenninga, og blir sett på som ein trussel.

Polen har sagt at dei kan vere villige til å sende soldatar til Finland.

Grensa mellom Finland og Russland blei stengd av finske styresmakter tysdag, etter at det har kome hundrevis av flyktningar dei siste vekene.

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no