Hopp til innhold

Riksrevisjonen kritisk til togforseinkingar: – Ikkje haldbart

Riksrevisjonens nyaste undersøkingar viser at det blir stadig fleire forseinkingar og innstillingar på jernbanen, skriv de i ein pressemelding. Hovudårsaka er feil i infrastrukturen.

– Samferdselsdepartementet, Jernbanedirektoratet og Bane Nor har lenge visst om utfordringane på jernbanen. Dei har fått mykje pengar for å sikre eit godt togtilbod, men har ikkje gjort det som trengst av vedlikehald og fornying, seier riksrevisor Karl-Eirik Schjøtt-Pedersen.

Riksrevisjonen meiner at brukarane står igjen med et dårlegare tilbod.

– Det er rett og slett ikkje haldbart at ein så stor del av toga er forseinka eller innstilte. Det går utover kvardagen til folk. Det går utover næringslivet. Her må det takast grep raskt, viss ikkje kan fleire kome til å velje bort toget, seier Schjøtt-Pedersen.

Oslo 20240530. Direktør i Bane NOR Thor Gjermund Eriksen møter pressen i forbindelse med kritikken fra Riksrevisoren. Foto: Gorm Kallestad / NTB

Riksrevisjonen slakter togtilbudet i Norge: Unyansert, svarer Bane Nor

Riksrevisjonen sterkt kritisk i ny tograpport. Konsernsjefen kaller kritikken unyansert.

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no