Politiet etterforskar trugsel mot J. K. Rowling etter Rushdie-tweet
Politiet i Scotland etterforskar ei melding om trugslar retta mot forfattar J. K. Rowling etter at ho la ut ei fordømmande melding om knivstikkinga av forfattar Salman Rushdie på Twitter. Det melder Reuters.
Harry Potter-forfattaren skreiv at ho følte seg veldig kvalm etter at ho høyrde om knivstikkinga, og at ho håpa det vil gå bra med Rushdie. Ein brukar svarte «Ikkje bekymra deg, du er neste».
Seinare tvitra ho at Twitter ikkje meinte at meldinga var i strid med deira retningslinjer, og deretter at politiet var involvert i saka.