Hopp til innhold

Hadi Matar sikta for drapsforsøk på Salman Rushdie

Forfattar Salman Rushdie vart knivstukken på ei scene i New York i går. No er gjerningsmannen sikta for drapsforsøk, men han nektar straffskuld.

Hadi Matar er siktet for drapsforsøk på Salman Rushdie etter at han angrep han på et arrengement i New York.

SIKTA: Hadi Matar er siktet for drapsforsøk på forfattar Salman Rushdie. Matar angreip han under eit arrangement i New York fredag ettermiddag, norsk tid.

Foto: Charles Fox / AP

Hadi Matar er sikta for drapsforsøk på forfattar Salman Rushdie (75).

Det skriv nyheitsbyrået Reuters.

Det er distriktsadvokaten i Chautauqau i delstaten New York som tok ut siktinga.

Fredag kveld norsk tid vart 24-åringen frå New Jersey pågripen etter å ha knivstukke forfattaren rett før han skulle halde eit føredrag om kunstnarisk fridom.

Rushdie ligg no i respirator med alvorlege skadar, og ifølgje agenten hans vil han truleg miste eit auge.

Motivet for angrepet er førebels ikkje kjent.

Matar nektar straffskuld då han vart framstilt for fengsling laurdag kveld, norsk tid. Han nekta også kausjon og må dermed sitje i fengsel, skriv Observer Today.

Påtalemakta jobbar med å få eit inntrykk av kor planlagt angrepet var, ifølgje Reuters.

Det kan vere med på å bestemme om Matar skal få fleire siktingar mot seg seinare, seier statsadvokat i Chautauqau Jason Schmidt.

– Vi er i ein tidleg fase i noko som vil vere ein lang juridisk prosess, seier Schmidt.

New Jersey-politibetjenter står vakt i nærheten av bygningen der den angivelige angriperen av Salman Rushdie, Hadi Matar, bor i Fairview, New Jersey.

Natt til laurdag norsk tid vart FBI og politiet sett utanfor heimen til Matar.

Foto: EDUARDO MUNOZ / Reuters

Matar er også sikta for vald mot Ralph Henry Reese, som var på scena med Rushdie då han vart angripen. Reese fekk ifølgje politiet lettare skadar i ansiktet.

Les også Hadi Matar (24) pågrepet for å ha angrepet Salman Rushdie med kniv

Salman Rushdie Assault

Iranske aviser prisa gjerningsmannen

Etter utgivinga av boka «Sataniske vers», fekk Rushdie ein dødsdom frå den dåverande øvste leiaren i Iran, ayatollah Khomeini.

Årsaka til dødsdommen var at Khomeini meinte boka var blasfemisk.

Det er lova ein dusør på 3 millionar dollar til den eller dei som tar livet av Rushdie.

Han har difor levd med drapstruslar i over 30 år.

Fleire iranske aviser har lovprisa 24-åringen som angreip Rushdie, melder Reuters.

Det er førebels ingen offisielle reaksjonar på angrepet frå iranske myndigheiter.

Samtidig har avisa Kayhan, der redaktøren blei valt ut av øvste leiar Ali Khamenei, lovprisa Matar og kalla han modig.

Salman Rushdie har blitt knivstukket flere ganger på scenen

Salman Rushdie skal ha blitt knivstukken fleire gangar på scena.

Skal ha hatt sympati med shia-ekstremisme

Gjerningsmannen Hadi Matar er født i delstaden California, men skal nettopp ha flytta til New Jersey. Det seier ei kjelde i politiet som jobbar med etterforskinga til NBC New York.

Foreldra til Matar kjem frå byen Yaroun sør i Libanon. Det seier ordføraren Ali Tehfe, skriv Al Jazeera.

På spørsmål om Matar eller foreldra er tilhengarar av det islamsk-libanesiske partiet Hizbollah, svarte Tehfe at han ikkje veit kva for politisk ståstad verken Matar eller familien har.

Hizbollah har røter i, og blir støtta av, Iran. Reuters skriv at Hizbollah ikkje visste noko om angrepet, og difor ikkje vil kommentere.

Hadi Matar er siktet for drapsforsøk på Salman Rushdie etter at han angrep han på et arrengement i New York.

Her blir Hadi Matar arrestert og frakta vekk etter at han knivstakk forfattar Salman Rushdie.

Foto: AP

Nettavisa NBC New York har også snakka med ei politikjelde som seier at Matar skal ha uttrykt sympati med shia-ekstremisme og irans revolusjonsgarde.

Det melder også andre medium, som NBC News og New York Post.

Det er likevel ikkje noko direkte kopling til garden, men den første vurderinga indikera at Matar er sympatisk med den iranske regjeringa, seier politikjelda.

AKTUELT NÅ