Hopp til innhold

Nytt prishopp på daglegvarer i februar

Etter eit prishopp på 6,5 prosent på mat i fjor, ligg februar an til å gje enda eit hopp.

– Eg er optimistisk når det gjeld våren totalt sett, men eg trur me får ein liten bakoversveis i Februar, fortel landbruksforskar Ivar Pettersen i Alo-Analyse.

Matvareprisane stig mest i februar og juli. Då tar matbutikkane ut høgare innkjøpsprisar frå leverandørane.

Denne spesielle måten å sette prisane på kan gje forsinka prisvekst i Noreg samanlikna med andre land.

– Me såg at prisveksten på matvarer auka seinare i Noreg enn i mange andre land då prisane begynte å stiga i 2022. Det kan vera at me har noko meir å ta igjen på matvareprisane enn i utlandet, seier Espen Kristiansen frå SSB.

Ivar Pettersen meiner prisveksten vil lande på 5–6 prosent.

Ifølge han er det veldig mange ting som påverkar matprisane, men han peiker på to usikkerheitsmoment som kan verke inn:

– Det eine er lønnsoppgjeret til våren, som kan få effekt før prisjusteringane i juli. Den andre er jordbruksoppgjeret som det er knytt veldig stor spenning til.

Ifølge NRK sine kjelder kan prisane stiga opp mot 10 prosent i februar. I morgon skal daglegvarebransjen møta næringsminister Jan Kristian Vestre (ap).

– Me nærmar oss no kanskje kostnadsveksttoppen, men det er mange familiar som no er bekymra for privatøkonomien. Derfor er me interesserte i at alle næringsaktørane tar sitt ansvar, og ikkje bidreg til å pressa prisane meir opp enn det som er absolutt nødvendig, seier næringsminister Jan Kristian Vestre.

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no