Hopp til innhold

Norwegian frakta 1,4 millionar i november

I november flaug 1,4 millionar passasjerar med Norwegian. Det er ein auke på 37 prosent frå i fjor, skriv selskapet i ei pressemelding.

Fyllingsgraden for flåten totalt var på 79,5 prosent, medan rutene frå Noreg til Sør-Europa var tett på 90 prosent.

– Sjølv om vi no er i lågsesong ser vi at salet av flybillettar, særleg til varmare strøk, held fram med å halde seg på eit høgt nivå, seier konsernsjef Geir Karlsen.

Punktlegheita i november, som er eit mål på kor mange avgangar som skjer innan 15 minutt etter ordinær tid, var på 90,3 prosent.

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no