Hopp til innhold

Noreg gir 325 millionar til matsikkerheit i Somalia

Den norske regjeringa har bestemt å gje 25 millionar til akutt mathjelp til tørkeramma område av Somalia. Afrikas Horn er råka av den mest omfattande tørka på 40 år. Mange stader har både dyr og avlingar døydd, og mange har flykta frå heimane sine for å finne mat.

– Somalias kriser er ein stad der «alt møtest». Flyktningane har måtte forlate heimen sin anten på grunn av tørke eller den valdelege konflikten i landet. Meir enn 20 millionar menneske på Afrikas horn har ikkje nok mat og treng hjelp no. Dette talet stig raskt. Talet for Somalia åleine er på rundt 7,5 millionar, seier utviklingsminister Anne-Beathe Tvinnereim.

Ho har dei siste dagane vore i Somalia, der ho har besøkt ein flyktningleir i dei mest ramma områda.

Over heile Afrikas Horn pregar tørka samfunnet, og meir enn 20 millionar menneske har ikkje nok mat. Somalia er aller hardast ramma. Den humanitære støtta som Noreg no gir til Somalia blir kanalisert gjennom FN-organisasjonen OCHA.

Noreg gir også 300 millionar til å hjelpe til med langsiktig klimatilpassing og matsikkerheit. Desse pengane går gjennom Verdsbanken sitt arbeid i Somalia. Denne støtta kjem i tillegg til 200 millionar kroner som Noreg allereie har gitt Somalia i 2022.

Utviklingsminister Anne-Beathe Tvinnereim på besøk i Somalia
Foto: Vegard Tjørholm / NRK

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no