Hopp til innhold

Nobelkomiteen: – Russland forsøker å stilne Memorial

Den norske nobelkomiteen skriv i ei pressemelding at fengselsstraffa til menneskerettsaktivist Oleg Orlov er politisk motivert.

– Putin-regimet har i mange år forsøkt å stilne leiarskapet i Memorial og andre viktige organisasjonar i sivilsamfunnet i Russland. No bruker dei krigen i Ukraina som unnskyldning for å fullføre jobben, seier komiteen sin nye leiar Jørgen Watne Frydnes.

Orlov blei tysdag dømd til to og eit halvt års fengsel. Den 70 år gamle regimekritikaren har i mange år vore sentral i organisasjonen Memorial som fekk Nobels fredspris i 2022.

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no