NHO fryktar EØS-krasj

NHO seier dei forventar at regjeringa gjennomfører Stortingets vedtak om EUs fjerde jernbanepakke.

Dei er uroa for konsekvensane om saka blir sett på vent på grunn av valet.

EØS-komiteen skal etter planen behandle saka fredag, men etter valet er fleirtalet på Stortinget mot jernbanereforma.

– Det vil vere oppsiktsvekkande om det første den nye regjeringa gjer, er å utløyse ei konflikt med EU og EØS-avtalen på så eit sentralt område som samferdsel, seier direktør for internasjonal avdeling i NHO, Tore Myhre, til NTB.

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no