Hopp til innhold

Mindre effekt på omikron

Helseministeren i Storbritannia, Sajid Javid seier til Sky News at det er grunn til å tru at omikron-varianten gjer at koronavaksinen har mindre effekt. Han understreka også at ein ikkje veit nok om effekten den nye varianten har på koronavaksinar.

Javid sa vidare i intervjuet med Sky News at det blir obligatorisk med munnbind på offentleg transport og i butikkar på tysdag. Det er eit mellombels tiltak mot den nye varianten, sa han.

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no