Hopp til innhold

Macron og Scholz uroa for Georgias nye lov

Frankrikes president Emmanuel Macron og Tysklands forbundskanslar Olaf Scholz har kome med ei felles fråsegn om Georgias nye «framand agent»-lov, skriv AFP.

– Vi beklagar djupt, men tek til etterretning at den georgiske regjeringa har bestemt seg for å gå bort frå EU-kandidatlandets europeiske veg, skriv dei på Facebook.

Den omstridde lova blei vedteke tysdag, etter veker med demonstrasjonar og protestar.

Lova inneber at organisasjonar som får minst 20 prosent finansiering frå utlandet, må registrere seg som utanlandske agentar, og med det opne for fullt innsyn frå styresmaktene.

Georgias president Salome Zourabisjvili har lagt ned veto mot lova.

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no