Hopp til innhold

Lektorlaget varslar opptrapping av lærarstreiken

Norsk Lektorlag trappar opp streiken og tek ut 20 medlemmar ved Ås videregående skole frå og med 17. august, skriv dei i ei pressemelding.

Tidlegare har dei varsla at ti medlemmar ved Bergen katedralskole blir tekne ut i streik frå 15. august.

Skolenes landsforbund har sagt dei vil vente med trappe opp streiken til alle skulane har starta opp etter ferien. Utdanningsforbundet har ikkje sagt når dei vil trappe opp.

Organisasjonane må varsle fire dagar før dei gjer uttak av medlemmar.

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no